Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Bli med på Batterijakta 2016!

feb 17, 2016, 09:48 f.m. by Linn Urke Osnes

Miljøstasjonarbeidar med batteri
Frode Slåttelid på miljøstasjonen i Saunesmarka er klar til å ta imot batteri frå konkurransen!

Endeleg er det klart for ei ny runde med Batterijakta!

Batterijakta er ei konkurranse som gir alle fjerdeklassingar sjansen til å lære meir om gjenvinning, kretslaupstenking og korleis vi kan bli betre til å ta vare på jorda sine ressursar. Med Batterijakta kan elevane gjere ein enkel og viktig innsats for miljøet medan dei har det gøy saman. Målet med konkurransen er å bidra til å auke engasjementet for miljøet – eit engasjement som varer livet ut.

Batterijakta går ut på å samle inn flest mogleg brukte hushaldningsbatteri innanfor tidsrommet 31. mars – 21. - april. Det vil sei at elevane skal samle inn batteri frå husstandar og andre private. Altså ikkje frå butikkar og næringsverksemd, dei har ei returordning for batteri. Det er lurt å melde seg på allereie no slik ein sikrar seg plass i den populære konkurransen der klassa kan vinne heile ti resirkulerte nettbrett!

Borna og dei vaksne kan levere batteri hos Clas Ohlson og på miljøstasjonane til SSR når som helst i opningstid. Besøk nettsida www.batterijakten.no for meir informasjon og konkurransereglar.

SSR oppmodar alle lærarar og elevar i 4. klassetrinn å gripe sjansen og bli med på den lærerike og morosame konkurransen!