Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Nytt av gamalt- Linn Gulbrandsøy gir deg gode tips!

feb 1, 2016, 12:58 e.m. by Linn Urke Osnes
Linn Gulbrandsøy bur i eit nytt fint hus i Ulsteinvik, men sjølv om interiøret framstår som nytt og moderne, har fleire av møblane og interiørgjenstandane i huset ei historie. Linn er over gjennomsnittet kreativ, og tek flotte foto, strikkar, syr og målar for å nemne noko. Dessutan har ho eit auge for gamle skattar og ser potensialet i bruktgjenstandar, stubbar og ting som dei fleste ville kassert. I kombinasjon med ein sterk estetisk sans er heimen deira difor fylt med gjenbruksskattar i ny drakt. Under forklarer Linn kva ho har gjort for å lage dei flotte tinga som vist i kjeldesorteringkalenderen.

Linn og Eliah
Linn og sonen Eliah på barnerommet til Eliah. Foto: Per Eide

Karnevalsesongen i barnehagen kan vere ei utfordring for mange småbarnsforeldre. Her er Eliah i eit sauekostyme som Linn har laga av skinndelar ho fekk av den gode naboen Linda Hasund som driv med villsauar. Sjølve kroppen er laga som ein vest med strikk over skulrane og rundt livet. Elles festa ho litt skinn på ei hjelmlue og på sokkane. Lite arbeid, billig og veldig fint lite lam klart for karneval!

Sengeslangen er laga av gamle dynetrekk i ulike mønster og fargar. Klipp opp like delar og sy desse saman til eit stykke slik at det blir ei lang pølse (ca 4 meter). Tunga er laga av ein gamal duk og augene er eit par (godt fastsydde) knappar. Foret til slangen er ei nyvaska gamal dyne. Linn presiserer at det er viktig med nøytralt vaskemiddel om slangen skal brukast til sengekant i babyseng.

Kommoden er ein gamal furukommode. Denne vart fyrst måla med kvistsperre, for så nokre strøk med kvit måling. Skuffene vart måla i ulike nyansar av blå/mint der Linn blanda i meir og meir kvit måling for å oppnå dei ulike nyansane. Dei gamle knottane vart fjerna og erstatta med skinnhandtak frå eit gamalt skinnbelte. Skinnhandtaka vart fastskrudde og gir eit heilt nytt preg til kommoden.
 
Turkis stubbekrakk
Foto: Per Eide

Denne flotte krakken er laga av stubbar som Linn fekk av svigerfaren sin. Han saga opp i passe størrelsar (ca 40 cm høge) og fjerna den ytterste borken. Stubbane fekk tørke godt inne i ca 4-5 månadar. Når dei var tørre, pussa og måla Linn stubbane. Eit par stubbar fekk kvit Bengalakk på sidene (for høg glans), medan andre vart måla med vanleg måling for tre. Linn anbefalar eit størk med kvistlakk fyrst. For dei effektfulle hola i stubbane vart det brukt holsag i ulike storleikar.
  

bilete av gjenbrukspapir
Foto: Per Eide
 
Til dette biletet brukte Linn ei brukt ramme. Biletet som var inni er kledd med gåvepapir. På dette, teikna Linn eit skilt som ho skreiv namna på sønene sine på samt dekorerte med fuglar klipt ut av kartong. Personleg og billeg kunst!