Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Kjeldesorteringskalender 2016 i postkassa no!

des 8, 2015, 13:12 e.m. by Linn Urke Osnes


 
For 2016-kalenderen er tema gjenbruk og ombruk. Vi presenterer lokale personar som viser korleis ein kan praktisere gjenbruk og ombruk i kvardagen. Vi håper du blir inspirert, at du får god nytte av den og vil gi kalenderen heidersplass på veggen din i året som kjem! Du finn også kalenderen her.

Saman med kjeldesorteringskalenderen får du også ei fin brosjyre som gir deg informasjon om kjeldesortering, kva som skjer med avfallet etter at det er samla inn og kva miljønytte kjeldesorteringa har. Brosjyra finn du også her.

Takk for at du kjeldesorterer!