Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Kart til den nye greinplassen

jun 15, 2015, 09:45 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Vi har fått tilbakemeldinger om at fleire ynskjer seg eit kart som viser kvar den nye greinplassen ligg. Den raude streken tek utgongspunkt i den gamle greinplassen som var i Saunesmarka/miljøstasjonen i Saunesmarka.

Klikk på kartet/biletet for å opne dette i større format.
Kart som viser vegen til greinplassen
Klikk på kartet/biletet for å opne dette i større format.

Dersom du køyrer frå Hareid:
Når du køyrer frå Hareid på riksveg 61 mot Ulsteinvik, mot enden av rettestrekket i slutten/starten av Hareidsdalen vil du få ei grusa avkøyrsel på di venstre side før du kjem over "bakketoppen" til Ulsteinvik. Sving av her og køyr eit stykke før du kjem til eit nytt kryss, ta her til venstre og fyl vegen til du får greinplassen på di venstre side.

Du kan også svinge av etter å ha passert skiltet som opplyser om Ulstein kommune, her vil første avkøyrsle på venstre side vere grusvegen som leier opp mot greinplassen. Her fyl du vegen eit godt stykke før du kjem til eit kryss, her tek du til høgre. Fyl vegen fram til du får greinplassen på di venstre side.

Dersom du køyrer frå Ulsteinvik:
Køyr riksveg 61 frå Ulsteinvik mot Hareid. Du vil passere Saunesmarka industriområde på di høgre side (Lefdal, Biltema osv.). Du fyl vegen eit stykke framover og får no ei avkøyrsle til høgre som den første etter Saunesmarka industriområde. Du skal svinge inn her, og fyl grusvegen framover til du får eit nytt kryss. Ta her til høgre, og fortsett fram til du får greinplassen på di venstre side.