Nyhende
Grovavfall på øyane april 2015
apr 21, 2015, 08:26 f.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Minner om at imorgon er vi på Kvamsøy og torsdag på Sandsøy for å ta imot grovavfall og EE-avfall!
Vi er på plass frå kl. 12.30 til kl. 18.30. Den 22. april vert vi på Kvamsøy ved fergekaia.
Den 23. april vert vi på Sandsøy ved Coop Marked Sandsøy.
Her kan privatpersonar også levere måling, olje og anna farleg avfall (ikkje eksplosivar). EE-avfall, farleg avfall og metall er gratis å levere for privatpersonar. For grovavfall er minsteprisen ved levering 65,- inkl. mva.
Det vert rekna pr 0,1 kubikkmeter (54,- inkl. mva pr 0,1 m3) med avfall der 1 kubikk med grovavfall kostar 535,- inkl. mva.