Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ein ny vinnar av Returkartonglotteriet i Herøy

feb 18, 2015, 11:08 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk


Ingrid Kalland Warholm frå Fosnavåg i Herøy kommune vart nyleg trekt ut som vinnar i Returkartonglotteriet, og kan no feire ein premie på 10 000,- kroner. Lykkeloddet hadde ho sjølv laga av tomme drikkekartongar. SSR gratulerer og takkar for innsatsen!

Sida 1997 har alle som skyl, brettar og stappar drikkekartongar samtidig delteke i Returkartonglotteriet, som administrerast av Grønt Punkt Norge. Kvart år trekkjast det ut heile 124 vinnarar som deltek ein pott på 1,6 millionar kroner. Denne gongen var det Ingrid Kalland Warholm frå Herøy kommune som vann 10 000 kroner.

For å være med i Returkartonglotteriet tek man seks tome og skylde drikkekartongar som brettast ned i ein open drikkekartong. Dette utgjer ein ”kubbe”. Korkar og lokk kan godt hengje utanfor. For skulemjølk-kartongar gjelder fire tome kartongar i den femte.

Deltakar skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på ”kubben” og leverer denne i den kommunale innsamlingsordninga (papirdunken). Då har ein eit lodd.