Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

SSR har fått Isopor-presse

feb 12, 2015, 15:16 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk


SSR har fått på plass Isopor-presse. Det betyr at Isopor/EPS kan no samlast i
plastemballasjesekkane og leverast ved siden av dunken på hentedag. Skal ein levere Isopor/EPS, må ein ha dette i ein eigen sekk uten andre typer plast eller papir. Sekken må vere knytt ved levering, då isopor lett vert brote opp i små bitar. Har ein store mengder laus isopor, kan dette leverast i Saunesmarka.

Biletet viser dei tunge "kubbane" som pressa lagar, desse vert sendt vidare til gjenvinning.