Det er ikkje berre bildøra som frys fast når kulda kjem. Det gjer også fort avfallet i dunken din.
Det betyr at dunken kan risikere å ikkje bli heilt tømd når renovasjonsbilane våre kjem innom.
Nokre enkle tips for å unngå fastfrose avfall:
- Legg ei avis nedst i matavfallsdunken. Avisa blir broten ned saman med matavfallet i biogassanlegget.
- Knyt posen godt igjen, så slepp du unødvendig søl i dunken.
- Tørkepapir med matrestar på kan du kaste i matavfallet, då blir det mindre fuktig.
- Unngå å stappe meir i dunken dersom han allereie er full. Dette gjeld året rundt, men når kulda kjem, kan avfallet setje seg ekstra godt fast, og det er større sjanse for at noko blir liggande att etter tømming.
- Set gjerne dunken i garasjen kvelden før tømming om du har moglegheit til det, så rekk avfallet å tine litt før vi kjem.
NB! Renovatørane har dessverre ikkje moglegheit til å løyse opp avfall som har frose fast nede i dunken.
Takk for samarbeidet!