Vår eigen driftsleiar, Rune Tarberg , er nominert til Årets Eldsjel 2026!
Det er Fabelaktig Fredag Søre Sunnmøre som står bak nominasjonen, som er ei velfortent anerkjenning av engasjementet Rune har vist gjennom mange år.
Kvart år opnar Rune og SSR dørene i Saunesmarka for om lag tjue personar på tilrettelagd praksisplass. Her får dei ein ny sjanse i arbeidslivet og blir møtte med ei open og positiv innstilling frå både Rune og resten av dei tilsette i SSR.
Vi er stolte over at Rune sitt engasjement blir lagt merke til, og håpar du vil vere med og stemme på Rune!
STEM HER