
SSR ser etter deg som kan ta ei sentral rolle med å hjelpe kundar, planlegge logistikk, følgje opp sjåførar og utarbeide avfallrapportar.
Som driftskoordinator blir du eit viktig bindeledd mellom krokbilar, miljøstasjonar, containerar og komprimatorbilar.
Vi ser derfor etter ein strukturert, serviceinnstilt og engasjert medarbeidar med interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling.
Stillinga er 100 % fast og har arbeidsstad i Saunesmarka i Ulsteinvik.
Du får desse oppgåvene:
- Koordinere transport, logistikk og ruteplanlegging
- Yte god kundeservice og handtere kundekontakt via telefon og e-post
- Ta imot, registrere og følgje opp bestillingar både eksternt og internt
- Planlegge og koordinere dagleg logistikk i samarbeid med sjåførane
- Registrere og følgje opp oppdrag i relevante fagsystem
- Fakturere og utarbeide avfallsrapportar
- Kvalitetssikre avfallsfraksjonar og følgje opp avvik
- Deklarere farleg avfall
- Utarbeide fraktdokument for avfall som skal transporterast ut av anlegget
- Delta i prosjekt- og utviklingsarbeid ved behov
- Utføre andre arbeidsoppgåver etter behov
- Rapportere til driftsleiar
Du har desse kvalifikasjonane:
- Formulerer deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
- God digital kompetanse
- Interesse for berekraft, avfallshandtering og gjenvinning
- God logistikkforståing
- Relevante fagbrev innan gjenvinning, logistikk eller transport kan vere eit pluss
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Er sjølvstendig med gode samarbeidsevner
- Arbeider strukturert og nøyaktig
- Er kundevenleg, kundeorientert og serviceinnstilt
- Lærer nye system og arbeidsoppgåver raskt
- Er eit ordensmenneske med stor læringslyst og engasjement for kjeldesortering
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr:
- Ei sentral rolle i eit selskap med viktig samfunnsoppdrag
- Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje
- Godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
- Moderne anlegg og digitale arbeidsverktøy
- Moglegheit for kursing innan farleg avfall og som sikkerheitsrådgivar
- Lønn etter avtale og pensjonsordningar gjennom KLP
Høyres dette ut som noko for deg? Vi ser fram til å motta søknaden din.
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist: 21. oktober 2026.