SSR leitar etter deg som ønskjer å hjelpe kundane våre med å levere avfall på rett plass, trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling. Stillinga er ei 100 % fast stilling.
Du får desse oppgåvene:
- Rettleie og hjelpe kundar på miljøstasjonane i Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane.
- Operatør i vekta ved behov.
- Kvalitetssikring av enkelte avfallsfraksjonar.
- Andre arbeidsoppgåver etter behov.
Du har desse kvalifikasjonane:
- Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.
- Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering.
- God fysisk helse.
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig med gode samarbeidsevner.
- Utadvendt, engasjert, fleksibel og serviceinnstilt.
- Strukturert og ryddig, med gode haldningar til HMS.
- Kundevenleg, systematisk og nøyaktig.
Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.
Vi tilbyr:
- Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje.
- Nye og moderne anlegg.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP.
Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist: 13. september 2026.