Saman tek vi vare på ressursane

Vi ser etter gjenvinningsoperatør ved miljøstasjon

18. august 2026 av Nina Sævik

SSR leitar etter deg som ønskjer å hjelpe kundane våre med å levere avfall på rett plass, trivst med ein aktiv arbeidskvardag og har interesse for ein avfalls- og gjenvinningsbransje i stadig utvikling. Stillinga er ei 100 % fast stilling.

 

Du får desse oppgåvene:

  • Rettleie og hjelpe kundar på miljøstasjonane i Saunesmarka, Mjølstadneset og Myklebustmyrane.
  • Operatør i vekta ved behov. 
  • Kvalitetssikring av enkelte avfallsfraksjonar. 
  • Andre arbeidsoppgåver etter behov.

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.
  • Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss. 
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
  • Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering. 
  • God fysisk helse.

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner.
  • Utadvendt, engasjert, fleksibel og serviceinnstilt. 
  • Strukturert og ryddig, med gode haldningar til HMS.
  • Kundevenleg, systematisk og nøyaktig. 

    Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane. 

Vi tilbyr:

  • Ei allsidig stilling i ein spennande og framtidsretta bransje. 
  • Nye og moderne anlegg.
  • Lønn etter avtale.
  • Gode pensjonsordningar gjennom KLP.

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.
Send søknad og CV på e-post til: rune@reinhaldsverket.no.

Søknadsfrist: 13. september 2026.