Saman tek vi vare på ressursane

Dropp papp ved dunken på regnvêrsdagar

25. juni 2026 av Nina Sævik

Tru det eller ei – vêrmeldinga kan ha noko å seie for renovasjonsgebyret ditt.

På regnfulle dagar blir pappen fort våt dersom du set han ved dunken. Våt papp må handterast som restavfall, og kan ikkje gjenvinnast til nye produkt som til dømes skoesker og Lego-boksar.

Våt papp er dermed ei utgift for SSR, medan tørr papp kan bli ei inntekt.

Set ikkje ut papp på dagar det regnar eller er meldt regn. Vent heller til vêret er tørt, eller lever pappen på miljøstasjonen. Slik sikrar du at materialet kan gjenvinnast, og gjer både miljøet og lommeboka di ei teneste.

IMG_9820     IMG_9876

Visste du at?

I Saunesmarka har vi ei papirpresse som pressar tørr papp til store buntar på nesten eitt tonn. Desse blir sende til papirfabrikkar i Noreg, Sverige og Danmark for gjenvinning. Éin slik bunt sparar 14 tre frå å bli hogde ned.

Takk for at du hjelper oss å gjenvinne meir!