Brann, lekkasje frå farleg avfall eller ein skadd tilsett – på eit avfallsanlegg kan det oppstå mange kritiske situasjonar. Då gjeld det å vere førebudd.
– Vi har alltid hatt rutinar for handtering av farlege situasjonar, men med industrivernet på plass har vi heva nivået fleire hakk, seier driftsleiar i SSR, Rune Tarberg.
Han leiar det ferske industrivernet i SSR, som vart etablert hausten 2025. Oppgåva er klar: Å vere først på staden når noko skjer, før naudetatane kjem.
Klar for det uventa
Eit godt industrivern krev grundig planlegging og førebuing, og ikkje minst gjennomgang av risikobiletet.
– Vi har identifisert moglege farar, analysert sjansane for uønskte hendingar og vurdert konsekvensane. Deretter har vi sett opp ei rekkje scenario og laga konkrete planar for korleis vi skal handtere desse situasjonane.
Eit dedikert team og rett utstyr
God beredskap handlar ikkje berre om planar og rutinar, men også om folk og utstyr.
– Industrivernet består av eit team der alle har tydelege roller og ansvar. Dei som er med er Andrzej, Tesfay, Andreas, Lidvin, Malin, Ottar, Jan Ove, i tillegg til meg som er industrivernleiar og fagleiar, seier Tarberg.
Midt mellom bilgarasjen og hallen for farleg avfall står ein raud konteinar med alt utstyret. Her er alt frå hjelmar og vestar til førstehjelpsskrin og brannutstyr.
– Vi har investert i same type brannutstyr som det lokale brannvesenet brukar. Dersom dei må hjelpe oss, kan dei enkelt kople seg på utstyret vårt. Det sparer verdifull tid, og kan vere avgjerande når kvart sekund tel.

Jamlege øvingar
For å vere best mogleg budde, øver industrivernet jamleg.
– I haust starta vi med å bli kjende med utstyret og øve på slangeutlegging. Vi har også hatt varslingsøving. I 2026 skal vi gjennomføre tre-fire øvingar, blant anna brannscenario med brannvesenet.
Industrivernet har også ein eigen telefon, slik at responsen er rask dersom noko skjer.
– Med dette på plass har vi fått ein heilt annan beredskap. Vi har aldri vore betre rusta, avsluttar Tarberg.