Året blir aldri kjedeleg når ein jobbar med avfall, og 2025 har ikkje vore noko unntak.
Teksten er frå SSR sin årsrapport for 2025. Sjå her for heile årsrapporten.
For deg som innbyggjar merka du det kanskje best med lovendringa som kom i januar. «No er det ulovleg å kaste kle i restavfallet», var tittelen som gjekk sin gang i nettavisene.
Sjølv om sorteringspolitiet ikkje stod klare til å banke på dørene heime hjå folk, måtte vi handle raskt. I dag kan innbyggjarane våre levere både øydelagde og brukande tekstilar på miljøstasjonen. Men som med alt anna avfall, er det kvaliteten som avgjer om tekstilane kan resirkulerast.
Tidleg på året rulla den nye sidelastar-bilen vår ut på vegane. Med robotarm og sjåfør på «feil side» av bilen, har han vore eit spennande syn for både barnehageborn og andre trafikantar. No står evalueringa av prøveprosjektet for tur, før vi avgjer om det blir fleire sidelastarar framover.
I juli kom endå ei ny lovendring, men denne var mindre synleg for folk flest. Endringar i avfallsforskrifta gjer at vi kommunale innsamlarar skal få meir betalt frå produsentansvarsselskapa. Det er gode nyheiter for alle som ønskjer lågast mogleg renovasjonsgebyr. Målet er at kostnaden ved avfallshandteringa i større grad skal ligge på den som kjøper produktet, ikkje bli likt fordelt på alle innbyggjarane. Eit lite, men viktig steg i retning av meir medvite forbruk.
Å skape mindre avfall, er mål nummer éin i avfallspolitikken. Noko vil likevel alltid oppstå, og då er det vår jobb å hjelpe deg med å bli kvitt det på ein berekraftig måte. Det har vi gjort i 2025, og det gler vi oss til å halde fram med. Uansett svingingar i lovverk og rammevilkår.
Takk for samarbeidet, og takk for at du sorterer!
Andrea Øien Sæverud,
dagleg leiar