Saman tek vi vare på ressursane

Vi ser etter gjenvinningsoperatør

28. april 2026 av Nina Sævik

Gjenvinningsoperatør

SSR har ledig ei allsidig 100 % stilling som gjenvinningsoperatør. Vi ser etter deg som er klar for ein aktiv arbeidskvardag og trivst med å veksle mellom ulike oppgåver, både ute på bil og inne på miljøstasjon.

 

Du får desse oppgåvene:

  • Arbeid på SSR sine miljøstasjonar og anlegg, med ein del seinvakter
  • Renovatør på renovasjonsbil
  • Ettersortering av enkelte avfallsfraksjonar
  • Yte god rettleiing og service til kundar
  • Arbeidsoppgåver kan bli endra over tid

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Fagbrev i gjenvinningsfaget er ønskeleg, men ikkje eit krav. SSR kan legge til rette for at du får ta fagbrev i gjenvinningsfaget.
  • Førarkort klasse B. Truckførarbevis er eit pluss
  • Må uttrykke deg godt på norsk, både munnleg og skriftleg
  • Interesse og engasjement for berekraftig avfallshandtering
  • God fysisk helse

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner
  • Utadvendt, fleksibel, smilande og godt humør
  • Ordensmenneske med gode haldningar til HMS
  • Kundevenleg, systematisk og nøyaktig
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Vi tilbyr:

  • Ei allsidig stilling i ein spennande bransje
  • Nye og moderne anlegg
  • Lønn etter avtale, og pensjonsordningar gjennom KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.

Send søknad og CV på e-post til rune@reinhaldsverket.no.

Søknadsfrist 18. mai 2026.