Halvparten skulle ikkje vore her: Kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik, framfor restavfallshaugen hjå SSR i Saunesmarka.
Avfallsdetektivar på oppdrag frå SSR finn avfall i restavfallsdunken som ikkje høyrer heime der.
SSR har nyleg fått gjennomført ei plukkanalyse av restavfallet til innbyggjarane på Søre Sunnmøre. Ei plukkanalyse vil sei at nokon gjer ein systematisk gjennomgang av avfallet for å kartleggje samansetninga og kor godt det er kjeldesortert.
Resultata viser at halvparten av det som endar opp i restavfallet, hadde hatt det betre i ein annan dunk.
Vi har litt å strekke oss etter med andre ord.
«Verstingane» som vi finn mest av i restavfallsdunken er matavfall, plastemballasje, papp og papir. Vanleg «bos» som vi hadde sortert rett dersom vi hadde sikta oss inn på ein av nabobøttene i staden. Analysen avslører også ein del tekstilar, og noko glas- og metallemballasje, farleg avfall og EE-avfall i restavfallet.
– Det beste vi kan gjere for kloden vår er å kaste mindre. Når vi fyrst skal kvitte oss med noko, bør vi gjere vårt beste for å sikte oss inn på rett dunk. Er du i tvil, er det eit godt tips å sjekke om det er sorteringsmerke på baksida av emballasjen, eller gå inn på nettsida/gratisappen Sortere.no, så får du svaret, seier Nina Sævik, kommunikasjonsansvarleg i SSR.
– Noko av det vi i SSR fryktar aller mest, er feilsorterte batteri og elektronisk avfall, spesielt i desse tider. Feilsortering utgjer ein kjemperisiko for brann, som i verste fall kan få fatale konsekvensar. Skal du kaste eit julekort med batteri eller ei lyslenke som ikkje fungerer lenger, ikkje kast det i restavfallet. Både lyslenka og batteriet kan leverast inn på miljøstasjonane våre gratis som EE-avfall og farleg avfall.
Ikkje berre negativt
Sjølv om vi har litt å gå på, har innbyggjarane i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande blitt flinkare til å sortere ut det som ikkje høyrer heime i restavfallet siste åra.
– Meir av matavfallet, pappen og papiret hamnar der det høyrer heime, og ikkje i restavfallet. Frå 2021 til 2025 har mengda matavfall i restavfallet gått ned frå 27 til 15 prosent. Og ser vi på totalen, har vi gode sorteringstal samanlikna med andre delar av landet, seier Sævik.
Innan 2035 er det ei rekke nasjonale og internasjonale klimamål som skal vere oppnådd. Noreg og EU har blant anna forplikta seg til eit mål om 65 % materialgjenvinning innan 2035.
– SSR sine tal viser at 65 % av alt vi kastar både heime og på miljøstasjonen i dag går til materialgjenvinning. Det er bra jobba av innbyggjarane våre!
– Ved materialgjenvinning får vi gjenvunne avfallet slik at dei ulike materiala kan brukast på nytt. Då reduserer vi behovet for å hente ut nye naturressursar som tre og metall, og det blir lavare utslepp av klimagassar.
For dei som er meir opptekne av gebyrnivå, tipsar Nina Sævik om at sortering lønner seg.
– Aldri før har det vore så dyrt for oss som no å sende restavfallet vidare til forbrenning. Ved å sortere ut det som kan gjenvinnast, hjelper du til med å halde renovasjonsgebyret nede.
– Tenker folk seg litt betre om før dei kvittar seg med ting i restavfallsdunken, kan dette bli veldig bra, seier Sævik, og legg til: Spør oss veldig gjerne om du er usikker, vi er tilgjengelege både på Facbook og Instagram, telefon, e-post og når du kjem til miljøstasjonen!
Om plukkanalyse
SSR har heimel til å gå gjennom avfallet som blir samla inn ut frå avfallsforskrifta, § 10a-7. Der blir det sett krav til dokumentasjonsplikt og kunnskap om det innsamla avfallet. Som renovasjonsselskap er vi plikta til å undersøke kva vi bør jobbe meir med for å auke utsorteringa.
For å finne ut kva som heller kunne vore sortert og kasta ein annan plass enn i restavfallet, må vi derfor med jamne mellomrom ta plukkanalysar. Det er vanleg praksis over heile landet.
Når vi tek eit slikt utval av restavfallet, skjer det frå omlastehallen vår, altså heilt anonymisert og ikkje tilknytt identifiserbare dunkar. Skulle der vere avklipte bankkort eller andre personopplysningar i avfallet som blir analysert, er dei tilsette som jobbar med dette innhenta frå seriøse aktørar og har teieplikt.