Er du nyinnflytta i Hareid, Ulstein, Herøy eller Sande, er det viktig at du tek kontakt med SSR slik at vi kan hjelpe deg med å kome i gong med renovasjonsordninga.
Flyttar du inn i eit heilt nytt hus utan dunkar kan du bestille abonnement her. Då får du også plastsekkar til sortering av plastemballasje og matavfallsposar til sortering av matavfall. Dersom du har behov for matavfallskorg til å ha på kjøkenet kan du notere dette som anna bestilling/eventuelle kommentarar i bestillingsskjemaet.
Flyttar du inn i eit hus som har dunkar melder du ifrå til SSR om skifte av eigar. Er du tom for plastemballasjesekkar eller matavfallsposar, kan du knyte eit handlenett på papirdunken din eller ein grøn matavfallspose på matavfallsdunken din. Dette er ein beskjed til renovatøren om at du treng nye sekkar. Sjå her for meir informasjon.
Sjå også:
Informasjon om renovasjonsordninga finn du om du bevegar deg litt rundt på sidene våre. Er det andre ting du lurer på, er det berre å ta kontakt!
Telefon: 70 00 70 50
E-post: firmapost@reinhaldsverket.no
Do you need information in other languages? You can find it here!