Er du med i eit lag eller ei forening? No kan de få 500 kr per deltakar (6–19 år) for å rydde bos. Fyrst til mølla!
Plastdugnaden er eit samarbeid mellom Handelens Miljøfond og 18 SpareBank 1-stiftelser over heile landet. Her får barn og unge moglegheit til å rydde og samtidig tjene pengar til si foreining.
Kven kan søke?
Foreninger som:
- Har medlemmer i alderen 6-19 år
- Er registrert i Brønnøysundregisteret og har organisasjonsnummer (f.eks. idrettslag, klubber, korps, drill, kor)
Kven kan ikkje søke?
- Skular, FAU og russegrupper
- Borettslag og velforeiningar
- Foreininger med plast/miljø som hovudformål
- Dei same gruppene/laga som allereie fekk støtte i vårens utlysing (same organisasjon kan framleis søke)
Fleire lag/grupper fra same foreining kan søke, men det blir utbetalt til kun eitt felles kontonummer som tilhøyrer foreininga som står som søker.
Kor mykje kan ein søke om?
Ein kan søkje om 500 kr per deltakar (6-19 år) som ryddar i minst tre timar, og inntil 100 000 kr per foreining i 2025.
Viktige datoar:
- 14. august: Opent for søknadar
- 1. november: Søknadsfrist
- 14. november: Dugnad må vere gjennomført og sluttrapportert
Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema