Saman tek vi vare på ressursane

– Du har vunne 100.000 kroner!

11. mai 2025 av Nina Sævik

Roar Ulstein fekk ein svært uventa telefon då han var innom Biltema i Saunesmarka tidlegare denne veka. 

66-åringen frå Hareid let telefonen berre ringe fyrste gongen. Men den som ringde, gav seg ikkje. Andre gongen gjekk han ut av butikken for å svare.

– Du har vunne 100.000 kroner var beskjeden i andre enden. 

Telefonen kom berre nokre få steinkast lenger borte i vegen, og var frå SSR. Roar hadde vunne den gjævaste premien i Returkartonglotteriet!

Årevis med skyljing, bretting og skriving av namn og nummer på hundrevis av kartongar hadde lønt seg. 

Mest vinnarlykke
– Dette var heilt uventa, men det var ein veldig hyggjeleg telefon å få, seier Roar når SSR møter han dagen etter. 

– Eg og kona mi, Tove, er veldig takknemlege for å vinne så mykje pengar. Vi har skrive namn og nummer på kartongar så lenge vi kan hugse. Tove skriv alltid mitt namn og nummer, ho meiner eg har mest vinnarlykke, ler Roar.  

Dryp på borna
Og det kan jo det sjå ut som ho har rett i! Kvart år vinn 124 personar i Returkartonglotteriet på landsbasis, men kun fire av desse vinn 100.000 kroner. Resten vinn 10.000 kroner. 

SSR har hatt gleda av å ringe og gratulere mange flinke kartongbrettarar på Søre Sunnmøre opp igjennom åra. Roar er den andre i vårt område som har vunne 100.000 kroner sidan lotteriet starta for nærare 30 år sidan. 

Og Roar og kona har allereie gjort seg nokre tankar om kva dei ønsker å bruke pengepremien på. 

– Vi skal dele halvparten av pengane med dei fire borna våre. Vi ønsker også å gi litt til misjonen. Så får vi sjå kva vi gjer med resten, kanskje vi kjem til å bruke noko av det på å reise. Vi får tenke litt på det, smiler Roar.

Påskjønar dei som kjeldesorterer
Å gjenvinne brukte kartongar er mykje mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Så gevinsten er stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer inn kartongar.

– Ein mjølkekartong kan brukast på nytt i alle fall sju gongar, til dømes som pizza- og Cornflakes-øskjer eller dorullar, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik.

– Det er veldig kjekt når vi får vere med å påskjøne dei som er flinke til å kjeldesortere, og det er sjølvsagt ekstra stas når dei vinn så mykje som 100 000 kroner. 

Fleire trekkingar kvart år
Fire gongar i året blir det trekt vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
  • Du kan delta med alle typar drikkekartongar, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.
  • Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.