No kan du sjølv bestemme kva tid på døgnet du vil levere hageavfallet ditt.
SSR sin greinplass på Eidet har vanlegvis hatt faste opningstider i sommarhalvåret. I år vil greinplassen vere døgnopen og ubemanna.
– Frå og med no og ut august vil du kunne levere hageavfallet ditt når det passar deg sjølv, anten det er tidleg eller seint på dag, kvardag eller helg, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik.
– Vi ønskjer å legge til rette for at innbyggjarane skal få eit best mogleg tilbod, og vi trur at ein meir tilgjengeleg greinplass vil bli tatt positivt imot. Ein ubemanna greinplass vil også vere rimelegare i drift, og vi frigjer arbeidskraft til andre oppgåver.
Tilbod basert på tillit
Ein døgnopen og ubemanna greinplass vil i fyrste omgang vere eit prøveprosjekt. Dersom det blir ein suksess, og tilbodet ikkje blir misbrukt, vil SSR kunne fortsetje tilbodet også neste sesong.
– Tilbodet er basert på tillit, og ved misbruk, forsøpling eller manglande betaling, vil det bli avvikla, seier Sævik.
Nyttig å vite om levering av hageavfall:
- Gras, blad, greiner og stammar under 25 cm i diameter er gratis å levere for privatpersonar. Røter, stammar over 25 cm i diameter og jord (aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kostar kr 1,40 per kg, og skal leverast på miljøstasjonen.
- Ved bruk av firmabil, lastebil eller traktor er ein definert som næringskunde, og SSR er plikta å ta betalt for det du leverer.
- Næringskundar kan bruke greinplassen etter avtale, og skal betale for alt hageavfall dei leverer. Kontakt SSR på 90 95 57 81 / bedrift@reinhaldsverket.no for å opprette avtale.
- På miljøstasjonen i Saunesmarka vil ein kunne levere hageavfall året rundt, men bruk helst greinplassen i sommarhalvåret.
- Har du svartelista planteartar i hagen din, lever desse i eigen konteinar/dunk på miljøstasjonen eller på Eidet. Då gjer du ein innsats for å sikre den naturlege vegetasjonen i nærområdet. Les meir: Har du ein versting i hagen?
- Og til slutt – plast er plast, og ikkje hageavfall. Fjern plastposar og plastkrukker før du leverer frå deg hageavfallet.
Sjå også: Opningstider, miljøstasjonar