Laurdag 22. mars er det tid for årets vårryddedag.
Vårryddedagen er ein nasjonal ryddedugnad der folk frå heile landet er med og gjer ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, naturen og seg sjølv.
Ryddeaksjonar kan dessutan vere gøy og sosialt. Du kan rydde saman med andre, eller aleine. Alt du treng er eit par hanskar, sekk eller pose og ein plan for korleis kvitte deg med avfallet etterpå.
Tips til ein god ryddeaksjon:
- Finn ei strand, øy, elv, innsjø e.l. som er forsøpla og eignar seg for rydding.
- Ta med familie, vener, kollegaer, naboar eller andre som vil bidra.
- SSR deler ut gratis ryddeutstyr, både sekkar og hanskar, på alle miljøstasjonane. Treng du store mengder, ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no.
- Lever avfallet på ein av miljøstasjonane våre. Ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no dersom det er mykje avfall og vanskeleg å få levert sjølv. Då kan vi få ordna henting av avfallet.
Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut konteinar til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i forkant av aksjonen, ta kontakt med oss på rydde@reinhaldsverket.no.
Les også:
Fleire tips til ein god ryddeaksjon
Ta omsyn til hekkande fugl
Har du spørsmål? Send e-post til rydde@reinhaldsverket.no eller ring 70 00 70 50.
Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!