Elisabet Øvrelid blei så glad av å vinne 10 000 kroner i Returkartonglotteriet, at ho rett og slett tok seg ein dans rundt i barnehagen blant kollegaer og barn.
– Ja, her er det alle som veit at eg har vunne, smiler Elisabet Øvrelid.
Elisabet jobbar til dagleg i Syverplassen barnehage i Hareid kommune, og har lang og brei erfaring i å skrive namn og nummer på ferdigbretta kartongar.
– Med unntak av nokre mindre avbrekk, så har namn og nummer vore ein del av skylje- og bretterutinen i mange år. Så veldig kjekt at det kom ei påskjøning til slutt.
Vanlegvis når SSR ringer for å fortelje ei slik godnyheit, er det mange som tenkjer «åh nei, no har eg gjort noko feil med bosdunken min». Men det var ikkje tilfellet for Elisabet.
– Eg hadde fått ein telefon frå eit lokalt, ukjent nummer dagen før, og då sa eg til mannen min: No skal du sjå at dei ringer frå SSR for å fortelje at eg har vunne i lotteriet deira. Men då var det Møbelringen som ringde for å sei ifrå om at møblane mine hadde kome. Men – så kom telefonen frå SSR dagen etter, og då, før dei fekk sagt kva det gjaldt, tenkte eg at no vinn eg!
Og det hadde Elisabet jammen rett i.
– Det var ein veldig hyggjeleg telefon å få. Pengane vil kome godt med til sommaren. Då reiser vi til Spania saman med barn og svigerbarn for å feire mannen min sin 60-års dag, noko vi gler oss veldig til.
Påskjønar dei som kjeldesorterer
Å gjenvinne brukte kartongar er mykje mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Så gevinsten er stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer inn kartongar.
– Ein mjølkekartong kan brukast på nytt i alle fall sju gongar, til dømes som pizza- og Cornflakes-øskjer eller dorullar, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik.
– Det er veldig kjekt når vi får vere med å påskjøne dei som er flinke til å kjeldesortere.
Fleire trekkingar kvart år
Kvart år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Dei deler ut 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner i året.
Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe, slik det tidlegare var. Alle kartongar med namn og nummer er med i trekkinga av 100.000 eller 10.000 kroner.
Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:
- Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
- Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
- Du kan delta med alle typar drikkekartongar, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.
- Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.