Saman tek vi vare på ressursane

Ny bil til gards

10. januar 2025 av Nina Sævik

Halvparten av innbyggjarane våre vil framover få tømt matavfallsdunken sin av ein ny type renovasjonsbil frå SSR. Er du ein av dei som får besøk av bilen, må du frå no av snu matavfallsdunken andre vegen.

Den nye bilen blir teken i bruk frå og med 13. januar, og er ein sidelastar, den første i SSR sin bilpark. 

– Forskjellen på denne og dei andre renovasjonsbilane våre, er at sidelastaren har ein mekanisk arm som tømmer dunkane, i staden for at ein tilsett i SSR (renovatør) gjer det. Med behov for kun ein mann ombord, vil vi kunne drifte meir kostnadseffektivt, seier Rune Tarberg, driftsleiar i SSR. 

– Ingen vil bli oppsagde, men det vil ikkje vere behov for å tilsette ein ny renovatør neste gong nokon sluttar. Vi vil også merke at behovet for vikarar vil gå ned med ein ekstra mann tilgjengeleg.

Tarberg legg til at det heller ikkje alltid er like lett å rekruttere nye renovatører.

– Ein renovatør tømmer gjerne over 500 dunkar om dagen, og det kan vere ein veldig fysisk tung jobb med høg risiko for belastningsskader.

Kva vil ny bil seie for deg som innbyggjar?

På nyåret har SSR sendt ut brev med informasjon til dei innbyggjarane som vil få tømt matavfallsdunken sin av sidelastaren. I brevet blir det blant anna nemnt at det er viktig å setje matavfalldunken med framsida/loket peikande framover mot vegen. Nokon må også setje dunkane sine ein annan stad enn tidlegare. 

– Det kan vere enkelte stadar det ikkje er mogleg for sidelastaren å tømme dunkar. I desse tilfella har dei det gjeld fått tilsendt informasjon og kart over ny plassering av dunkar, seier Tarberg.  

Fleire sidelastarar i framtida?

– Innkjøp av sidelastaren er i første omgang eit prøveprosjekt. Blir det ein suksess, vil det kunne kome fleire grøne sidelastarar med SSR-logo på sikt. 

– Våre naboar Volda og Ørsta Reinhaldsverk har hatt sidelastarar i over 20 år, og har veldig gode erfaringar med det. Vi ser fram til å kunne ta i bruk vår i neste veke. Det er viktig at vi heile tida ser etter løysingar som gir mest mogleg driftseffektivitet, både for SSR og innbyggjarane, seier Tarberg.