Frå og med 1. januar 2025 er det nye krav til kjeldesortering, innsamling og materialgjenvinning av tekstilar.
Kvart år kastar nordmenn 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet, som tilsvarar rundt 9 kilo per person. Ifølgje eit nytt lovkrav frå EU skal øydelagde klede og tekstilar frå og med i år ikkje lenger i restavfallet, men sorterast for seg og gå til materialgjenvinning. Tekstilar som er fuktige, mugne, eller som er tilgrisa skal framleis kastast i restavfallet, då desse ikkje er mogleg å materialgjenvinne.
Målet med det nye kravet er å sikre at mest mogleg klede og tekstilar blir brukt om igjen eller materialgjenvunne, og ikkje endar opp som restavfall.
Sortering i konteinar kjem
Dagleg leiar i SSR, Andrea Sæverud, er glad for at kleda no skal ut av restavfallet, og fortel at innbyggjarane på Søre Sunnmøre etter kvart vil kunne kjeldesortere sine øydelagde klede på miljøstasjonane i Ulstein, Herøy og Sande.
– Per no er det ikkje så mange fabrikkar som har fått på plass gode løysingar for å gjenvinne øydelagde tekstilar, men så snart vi har ein avtale med ein aktør som gjer dette på skikkeleg vis, kjem det ein ny konteinar på miljøstasjonane. Der vil folk kunne levere både holete bukser og stoffrestar. Innbyggjarane vil få meir informasjon når dette er klart, seier Sæverud, og legg til:
– Det er viktig for oss at det er tillit til at kjeldesorteringa nyttar. Skrekken for oss er å sortere ut tekstilar for så å måtte sende det som restavfall.
Sorter og oppbevar i posar
Fram til ei løysing er på plass, kan folk gjerne oppbevare øydelagde klede og tekstilar i posar heime, dersom dei har moglegheit til det.
– Posane kan ein ta med seg til nærmaste miljøstasjon når vi har fått på plass konteinar. Og hugs at mykje av det som vanlegvis hamnar i restavfallet framleis er godt brukande. Kanskje får du gitt vekk eller selt kleda, eller så kan du framleis levere godt brukande tekstilar til eksisterande returpunkt til aktørar som Fretex, Fileks og UFF, seier Sæverud.
Kva er øydelagd og kva er tekstil til ombruk?
Brukbare klede og tekstilar
Om eit plagg manglar ein knapp, har ein diskret flekk eller har eit lite hol, betyr det ikkje nødvendigvis at det er øydelagt. Er det lett å reparere, leverer du det saman med andre brukbare klede og tekstilar. Brukbare sko leverast inn saman med brukbare klede og tekstilar.
Øydelagde klede og tekstilar
Øydelagde klede og tekstilar er reine og tørre klede og tekstilar som er utslitne, holete, flekkete eller som av andre årsaker ikkje lenger kan bli brukt.
Øydelagde tekstilar til forbrenning
Øydelagde klede og tekstilar som er fuktige, mugne eller tilgrisa slik at dei ikkje blir reine etter vask sorterast som restavfall. Det same gjeld sko.