Snøen kan gje utfordringar for både dunken, brøytebilen og renovasjonsbilen. Desse tre kan sette ein stoppar for kvarandre – eller samarbeide til det beste for alle. Vi håpar vi klarer det siste, men då treng vi di hjelp.
Oppgåva vår er å tømme dunkane dine. Oppgåva di er å legge til rette for tømming. Oppgåva til dei som brøyter, er å legge til rette for god framkomst, både for køyrande og gåande.
Av og til står dunkane i vegen for dei som brøyter. Når snøplogen ikkje kjem seg fram, blir det også vanskeleg for renovasjonsbilen å kome seg fram. Vi ber deg derfor om å tenke deg litt ekstra godt om når du set ut dunkane, slik at alle får gjort jobben sin på best mogleg måte.
Slik legg du til rette for at vi kan få gjort jobben vår:
- Set ut dunken om morgonen dersom det snør, og seinast innan klokka 7.30.
- Tenk over om dunken står i vegen for brøytebilen. Når brøytebilen ikkje kjem seg fram, blir det også vanskeleg for renovasjonsbilen å kome seg fram.
- Pass på at dunken står slik at han ikkje blir gravlagd i ein brøytekant.
- Måk fram dunken dersom han er innesnødd.
- Ein renovatør kan tømme opp til 500 dunkar om dagen. Strø gjerne litt rundt dunken dersom det er glatt, så klarer vi å gjere jobben vår meir effektivt og trygt.
Vi er klar over at dette ikkje er like lett å få til overalt. Men om vi alle prøvar å gjere vårt for å gi dunken, brøytarane og renovasjonsbilen eit godt snøsamarbeid, kjem vi ganske langt. Tusen takk – og kos deg i snøen!