Saman tek vi vare på ressursane

Slik sorterer du typisk juleavfall

16. desember 2024 av Nina Sævik

I jula går det gjerne unna med både gåvepapir, serviettar og neglelakk. Er du usikker på korleis sortere typisk "juleavfall", klikk på bilda under – så får du fasiten.

Foto: Catharina Caprino / Loop og Unsplash

Gåvepapir   Papp   Batteri_Foto_CatharinaCaprino-533x800   Plast_Foto_CatharinaCaprino-534x800

Lyslenke_Foto_CatharinaCaprino-534x800   Glass_Foto_CatharinaCaprino-534x800   Serviett_Foto_CatharinaCaprino-534x800   Isopor_Foto_CatharinaCaprino-534x800

Neglelakk_Foto_CatharinaCaprino-534x800   Fyrverkeri_534x800   Lys_534x800   Bakepulver_Foto_CatharinaCaprino-534x800

 

Andre juleklassikarar: 

  • Knuste julekuler av plast og glas pakkar du inn og legg i restavfallet.
  • Naturlege juletre kan du levere som hageavfall på miljøstasjonen. Juletre i plast held seg like fine år etter år, men om du likevel ønsker å kvitte deg med det, skal det leverast som restavfall på miljøstasjonen. 
  • Sjølv om dei kan sjå ut som plast, skal ikkje ved- og juletrenett i plastemballasjesekken, men i restavfallet. 
  • Snøsprayen sorterer du som farleg avfall. Farleg avfall kan du samle opp og levere til din næraste miljøstasjon. 
  • Ikkje tøm feitt eller olje i toalettet eller vasken. Det kan tette røra og tiltrekke seg rotter. Lat steikebrettet stå til det blir kaldt, skrap av fettet og legg det i matavfallet. Flytande feitt eller olje kan du helle på ein kartong eller flaske, tape igjen og kast i restavfallet.
  • Adventskalender i papp kan du sortere som papir. Inneheld den både plast og papir må du skilje den frå kvarandre, og sortere papir for seg og plastemballasjen for seg.
  • Gjer klar til sortering før opning av gåver på julekvelden. Då får du sortert undervegs, og unngår samtidig faren for å gå deg vill i di eiga stove.

    Takk for at du kjeldesorterer – og god jul!