Saman tek vi vare på ressursane

Brukar du sekken på rett måte?

11. desember 2024 av Nina Sævik

Plastemballasjesekk_klipt

Den gjennomsiktige sekken til plastemballasje som du får frå oss er kjekk å ha, men brukar du den eigentleg på rett måte?

Vi ser at plastemballasjesekken vår kan fort bli ein kjekt-å-ha-sekk for folk, og at han gjerne blir brukt til både hageavfall og anna «rosk og rask» som ein vil levere på miljøstasjonen. Sekken er sjølvsagt kjekk å ha, ikkje misforstå oss, men då til det den er meint for: plastemballasje. 

Brukar du sekken til alle andre ting, er det lommeboka di som får svi til slutt. For dess fleire sekkar SSR må kjøpe, dess høgare blir renovasjonsgebyret du betaler. Då er det lurt å heller bruke sekken til plastemballasje, og berre det.

Hugseregelen er at er det plast og emballasje, skal det i plastemballasjesekken. Andre plastprodukt og plastemballasje med sølvbelegg på innsida skal i restavfall.

Gode hjelpemiddel

Dersom du er ekstra observant, har du kanskje lagt merke til at sorteringsmerket på sekken no er lilla, og ikkje svart som tidlegare. Lilla er fargen på sorteringsmerket for plastemballasje, og vi håpar at fargen gjer det enklare å bruke sekken på rett måte. 

Apropos sorteringsmerke – har du ikkje lagt merke til dei før, kan du begynne å sjå etter desse no. Sorteringsmerka er små symbol for ulike typar avfall som du ofte finn bak på emballasjen. Desse skal gjere det enklare for oss alle å sortere rett. Og finn du ikkje merket, står det som regel i skrift kva emballasjen skal sorterast som. 

Og vil du ha endå eit godt hjelpemiddel, anbefaler vi deg å laste ned appen Sortere, der du kan søke opp klassiske luringar som suppepose, pillebrett og potetugllpose.

Takk til alle som brukar plastemballasjesekken til det han er meint for, og ikkje alt anna. Du er med på å halde sekke-rekninga vår nede!😃 

Sjå også: Tom for plastemballasjesekkar?


Legg merke til merka_800

Illustrasjon av sorteringsmerker, henta frå Loop si kampanje Legg merke til merkene i 2024.