Saman tek vi vare på ressursane

Ulovleg dumping av avfall

20. september 2024 av Nina Sævik

Dei siste månadane har det dessverre vore mykje dumping av avfall ved returpunktet for glas- og metallemballasje på Geileneset i Ulsteinvik. – Dette må vi få snudd på, då ryddinga kostar både tid og pengar, seier Nina Sævik, kommunikasjonsansvarleg i SSR. 

 

SSR ryddar stadig vekk avfall som har blitt ulovleg dumpa ved returpunktet på Geileneset. I tillegg bidreg Ulstein kommune med å rydde fleire gongar i veka. 

- Hadde vi ikkje tatt ryddejobben, hadde det vore eit fjell av avfall der, seier Sævik. 

Eksempel på avfall som blir satt igjen ved returpunktet, er blant anna stolar, skapdører, restavfall og småelektronikk.

- Dette er avfall som folk skal levere frå seg på miljøstasjonane våre eller kaste i dunken heime. Til dømes elektronikk og større ting av metall kan leverast inn gratis hos oss. Er det for liten plass i dunken, kan folk kjøpe seg ekstrasekkar til restavfall på miljøstasjonen, fortel Sævik.

For å bli bukt med problemet, vil SSR i fyrste omgang setje opp eit skilt på norsk og engelsk med informasjon om at det ikkje er lov til setje frå seg avfall ved returpunktet. Dersom det på sikt ikkje er til hjelp, vil SSR i samråd med Ulstein kommune flytte returpunktet til ein annan stad.

- Vi håpar at skiltet vil kunne bidra til at det blir ein stopp for den ulovlege dumpinga. Vi ønskjer å leggje til rette for at innbyggjarane får best moglege løysingar, men samtidig må vi passe på å ikkje bruke tid og pengar på å rydde etter folk som ikkje respekterer regelverket, seier Sævik.

Somme er kanskje heller ikkje van med ei ordning for avfall, så SSR ønskjer å opplyse folk om kva løysingar som finst.

- Vi håper at ved å gå ut med utfordringa, vil folk bli meir opplyste om korleis systemet fungerer. Det beste for alle, er at folk leverer avfallet sitt på rett plass, i staden for å sende rekninga for ryddinga til fellesskapet, avsluttar ho.

 

Geileneset 2 
 

Geileneset 3

 

1000003947