Saman tek vi vare på ressursane

Strandryddeveka er her!

12. september 2024 av Nina Sævik

13.–22. september er det tid for årets strandryddeveke. 

Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, naturen og seg sjølv.

Ryddeaksjonar er ein givande måte å halde naturen rein på. Det kan dessutan vere gøy og sosialt. Du kan rydde aleine eller saman med andre. 

Fleire har planlagt ryddeaksjonar i området vårt, og det er ikkje for seint å hive seg rundt og bli med på dugnaden. 

Tips til ein god ryddeaksjon:

  • Finn ei strand, øy, elv, innsjø e.l. som er forsøpla og eignar seg for rydding.
  • Ta med familie, vener, kollegaer, naboar eller andre som vil bidra.
  • SSR deler ut gratis ryddeutstyr, både sekkar og hanskar, på alle miljøstasjonane. Treng du store mengder, ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no
  • Lever avfallet på ein av miljøstasjonane våre. Ta kontakt på rydde@reinhaldsverket.no dersom det er mykje avfall og vanskeleg å få levert sjølv. Då kan vi få ordna henting av avfallet. 

Til store ryddeaksjonar kan SSR levere ut konteinar til oppsamling av strandryddesekkar og marint avfall. Dette må avtalast med oss i forkant av aksjonen, ta kontakt med oss på rydde@reinhaldsverket.no.

Du finn fleire tips til ein god ryddeaksjon her

Har du spørsmål? Send e-post til rydde@reinhaldsverket.no eller ring 70 00 70 50. 

Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!