Saman tek vi vare på ressursane

Grovavfallshenting på Kvamsøy og Sandsøy

16. april 2024 av Nina Sævik

I slutten av april tek vi turen til øyane i ytre Sande for å hente med oss grovavfall, metall, farleg avfall og EE-avfall.

Vi kjem til Kvamsøya tysdag 23. april, mellom kl. 12.45 - 18.00. Bilen står ved småbåthamna (forbi Brimer). 

Til Sandsøya kjem vi onsdag 24. april, mellom kl. 12.45 - 18.30. Bilen står ved Coop Marked Sandsøy.

Minstesummen ved levering av grovavfall er 60 kroner. Elles blir prisen rekna ut utifrå volum. Volumgebyret er 63,5 kroner per 0,1 kubikkmeter, 635 per kubikkmeter.

Det er kostnadsfritt å levere metall for alle. Privatkundar kan levere både EE-avfall og farleg avfall gratis, medan det blir kubikkpris for næringskundar. Ta gjerne med den raude boksen din med farleg avfall for å få den tømt. 

Betalinga skjer via kortautomat. Velkomen!

  Gamle malingsboksar og anna farleg avfall.