Saman tek vi vare på ressursane

Ny dagleg leiar i SSR

14. august 2023 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Styret i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS har tilsett Andrea Øien Sæverud (37) som dagleg leiar.

- Vi har gleda av å informere om at Andrea Sæverud er tilsett som dagleg leiar i SSR IKS med verknad frå 14. august 2023. Andrea var ein intern kandidat som har dei ønska eigenskapane både med tanke på erfaring og kompetanse.  Andrea har vore tilsett fem år i SSR og i den tida har ho delteke i leiargruppa i selskapet og hatt hovudansvaret for intern og ekstern kommunikasjon, seier styreleiar George H. Fulford.

- Mest mogleg gjenvinning

Sæverud har vore konstituert i stillinga som dagleg leiar sidan mars.

- Eg er glad for at eg får jobbe med noko som er viktig både i kvardagen til folk og i den større samanhengen. Eg har stor respekt for ansvaret vi har for å skape ei god offentleg teneste. Alt som folk kastar, har på eit tidspunkt vore ein naturressurs. Oppgåva til SSR er å legge til rette for mest mogleg gjenvinning av desse, og det er det skikkeleg fint å få vere med på, seier Andrea Øien Sæverud.

Balansekunst

Ho viser til at det skjer ei stor utvikling i bransjen, der nye teknologiske løysingar går hand i hand med stadig nye lovpålagde krav til korleis meir avfall skal gjenvinnast.

- SSR skal vere eit godt verktøy for eigarkommunane på vegen mot ei meir berekraftig framtid. Det er krevjande å balansere mellom å vere kostnadseffektive, miljø- og brukarvenlege, men når vi alle dreg i same retning, kan vi få til mykje bra ilag framover.

Andrea Øien Sæverud er busett på Hareid. Ho har ei mastergrad i religion og samfunn, ei bachelorgrad i journalistikk og har tidlegare jobba som journalist i Nynorsk pressekontor, NRK og Framtida.no.