Saman tek vi vare på ressursane

Lyst på ein aktiv sommarjobb?

14. februar 2023 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

No er vi på jakt etter vikarar til juni, juli og august. 

Med sommarjobb hjå oss, får du:

➡️ Vere mykje ute.

➡️ Bruke kroppen.

➡️ Bidra til at råvarer kjem på rett plass.

➡️ Oppdage krikar og krokar av ytre, søre Sunnmøre du kanskje ikkje visste om?

Arbeidsoppgåvene vil vere på komprimatorbil og på miljøstasjonane våre.♻️

Du som søker må ha fylt 18 år, ha ei positiv innstilling og like å ta i eit tak.

Send søknaden din til rune@reinhaldsverket.no og skriv kva veker du kan jobbe. Dei som kan jobbe lengst mogleg vil kunne bli prioriterte. Søknadsfristen er 5. mars. 

Gler oss til å høyre frå deg.😃 Tips gjerne nokon som kan vere interesserte!