Saman tek vi vare på ressursane

Berre ei sone får endra hentedag i jula

16. desember 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Restavfallet og matavfallet i sone 1 blir henta ein dag seinare denne jula på grunn av heilagdag.

Sone 1 ligg i Hareid kommune og omfattar Brandal, Hjørungavåg, Snipsøyrdalen og Hareidsdalen. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg. Elles byr denne romjula på ingen andre endringar i hentedag for innbyggjarane vår. 

juleannonse2022

Har du lyst til å skrive ut hentekalender for 2023, finn du den her.

Vi anbefaler elles å laste ned gratisappen Min renovasjon for å få enkel tilgang til hentekalender på mobilen og push-varsling kvelden før om kva dunkar som skal ut.