Saman tek vi vare på ressursane

«Ka i søren, no hekje dei tatt me båse mitt!»

16. november 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

… har du kanskje tenkt, dersom det har stått igjen ein sekk ved dunken din.

Det er ingen god følelse å ikkje bli kvitt avfallet sitt, så vi forstår frustrasjonen. Men vit at vi har ikkje gjort det for å vere ekle! Det er ein grunn til det, og det handlar om at renovasjonsgebyret ditt ikkje skal bli unødvendig høgt. Vi skal prøve å forklare.

Alle betaler eit renovasjonsgebyr, og dette varierer litt i pris alt etter kor stor restavfallsdunk du har. Har du meir avfall enn dunken rommar, er det fristande å sette frå seg ein sekk eller to med ekstra restavfall ved sida av. Men om du gjer det, kan vi ikkje plukke han med oss.

«I alle dage, en sekk frå elle til, kor firkanta e de muuuli å vere»? Nei, det kan du seie. For EIN sekk frå eller til har ikkje så mykje å seie. Men utfordringa er at vi har over 10.000 heimar vi er innom. Då kan det fort bli veldig mykje ekstra avfall i sving. Avfall som det tek tid å hente inn og ikkje minst kostar pengar for oss å levere frå oss til forbrenning når det er snakk om restavfall. Og når noko kostar pengar for oss, så kostar det pengar for deg og naboen din.

Når vi ikkje tek med oss den sekken, handlar det altså om at vi må sette ei grense. Du skal sleppe å måtte betale ekstra mykje for nokon andre sitt avfall. Og når det din tur til å ha litt ekstra (vi har alle vore der), så finst det heldigvis ei løysing for det.

Løysinga er lysegrøn, og heiter ekstrasekk til restavfall. Det er ein slik sekk du får i posten kvar jul og elles i året kan du kjøpe den på miljøstasjonen til 45 kroner. DEI sekkane tek vi med oss om dei står ved restavfallsdunken på hentedag!

Det er ikkje fordi vi er over gjennomsnittet glad i grøne ting, men fordi vi då veit at du har betalt for det ekstra restavfallet ditt på førehand. Og det er den løysinga vi har landa på som mest rettferdig, at kvar enkelt betaler for dei mengdene ein leverer.

Som selskap er vi opptekne av at du skal bli kvitt avfallet ditt på skikkeleg vis, samtidig som vi skal ha ordningar som funkar bra for fellesskapet innanfor det regelverket vi må forholde oss til. Då kan det nokre gonger kanskje kjennest litt firkanta ut. Hugs då at den firkanten er der som ei ramme som skal hindre at alt flyt ut og blir uoversikteleg.

Takk for samarbeidet!