Frå og med torsdag 27/10 stenger vegen frå Eidet opp til greinplassen til SSR.
Hareid Kommune skal utbetre vegstykket som i lengre tid har fått bilistar til å rynke på nasa og humpe i setet. Aurvoll og Furesund har fått i oppdrag å grave vekk eksisterande asfalt og berelag, utføre grøftereinsk og bygge opp nytt berelag. NCC vil asfaltere etter gravearbeidet, fortel Harald Berstad som er fagkoordinator for veg og gatelys i Hareid kommune.
Stenger porten litt før
På grunn av vegarbeidet, vil greinplassen til SSR sesongstenge tre dagar tidlegare enn planlagt. Siste opningsdag blir onsdag 26/10. Har du hageavfall å levere etter den tid, kan du kome med det til miljøstasjonen i Saunesmarka i opningstida.
- Det blir kjekt å kunne ønske velkomen til greinplassen igjen til våren med forbetra veg. Dette har vore etterlyst blant mange av dei besøkande. Vi er derfor veldig fornøgde med at Hareid kommune tek tak og oppgraderer vegen, til stor glede for både hageentusiastar og fjellfolk, seier kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i SSR.
Omveg for fjell-lystne
Det er venta at ny og fin veg vil vere klar til å ta i bruk i månadsskiftet november/desember. Fram til den tid må alle som vanlegvis køyrer opp frå Eidet for å ta seg ein fjelltur på Hasundhornet og Hovdenakken heller køyre om Haddal. På kvardagar i arbeidstid skal ein ikkje bevege seg i området på grunn av anleggsarbeidet.
- På kveldstid og i helgene kan den som vil få seg litt ekstra trim parkere på den store parkeringsplassen ved kommunegrensa på Eidet og ta beina fatt forbi dersom ein trår varsamt forbi anleggsområdet, seier Tone-Lise Osnes, som er rådgivar i Hareid Kommune.