Saman tek vi vare på ressursane

Slik sorterer du alt frå gamle grillar til flytande flamingoar

5. august 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Det har rett og slett vore mykje innevêr denne Sunnmørske sommaren. Kanskje er du ein av dei som har brukt sommaren til å rydde heime? Eller ligg det ein haug med ymse i ei krå som du må ta fatt på ved tid og høve? 

For å gjere det litt lettare å ta fatt på kvardagen igjen, har vi laga ei liste over korleis du sorterer og kastar ein del typiske sommarting. Kan det reparerast eller få nye eigarar er det sjølvsagt det beste, men det du leverer på miljøstasjonen kan også få nytt liv. Når du sorterer og kastar ting på rett plass, får vi resirkulert og brukt materiala om igjen. Då sparar vi dei raskt minkande naturressursane og unngår unødvendige utslepp av miljøgifter og CO2. Til det beste for både deg, lommeboka di og jordkloda vår.   

 

Her får du ei oversikt:

Grasklippar:

Den pensjonerte grasklipparen din får du levere utan ekstra kostnad i metallkonteinaren vår. Berre hugs på ein ting: Grasklipparen må vere tømt for olje og bensin når du kjem med han. Olje og bensin kan du som privatperson levere gratis/inkludert i gebyret som farleg avfall. Merk flasker og kanner med kva dei inneheld. Er plenklipparen elektrisk  kan du levere han som EE-avfall. 

Sommarsortering2

Sykkel:

Gamle syklar får du levere gratis i metallkonteinaren vår.

Hagestolar:

Dersom mesteparten av stolane er i metall, kan du kaste dei metallkonteinaren utan ekstra kostnad. Dersom stolen er laga av plast, er det grovavfall som du betaler kilopris for. 

Grill:

Ein klassisk kulegrill kan du kaste i metallkonteinaren vår gratis, det same kan du gjere med ein gassgrill av metall.  Eingongsgrillar er restavfall, pass berre på at han er heilt kald slik at du unngår risiko for brann. Elektriske grillar leverer du gratis på miljøstasjonen som EE-avfall.

Sommarsortering3

 

Målingsspann:

Alle spann med målingsrestar i, er rekna som farleg avfall. Det same gjeld restar av lakk, lim og sterke vaskemiddel. 

Sprayboksar:

Alle typar sprayboksar med gass under trykk i, leverer du som farleg avfall på miljøstasjonen. 

Gassboks:

Har du tomme gassbokser brukt til stormkjøkken eller liknande, kan du levere dei som farleg avfall på miljøstasjonen. Kvar husstand kan levere inntil 1000 kg farleg avfall i året gratis/inkludert i gebyret. 

6

 

Barnevogn:

Sjekk fyst om det går ann å reparere eller gje vekk. Er det ikkje botevon får du levere vogna på miljøstasjonen som metall kostnadsfritt, så lenge mesteparten er laga av metall. Du treng ikkje ta av hjula.

Båt:

Visste du at dersom du har ein fritidsbåt under 15 meter som du skal kassere, så kan du få ein pant på 1000,- frå Miljødirektoratet for å levere han inn på ein av miljøstasjonane våre? Les meir om ordninga her.

Telt:

Kastar du i restavfallsdunken om du har plass, elles kan du levere det som grovavfall på miljøstasjonen til kilopris. 

 

Sommarsortering4

 

Oppblåsbare flytedyr og basseng:

Oppblåsbare flytedyr og basseng er restavfall dersom du har plass i dunken, eller så kan du levere det som grovavfall på miljøstasjonen. Sidan desse tinga ikkje er plastemballasje, skal dei ikkje i plastemballasjesekken.  

Trampoline:

Understellet får du levere som metall, inkludert i gebyret. Sjølve "hoppeduken" og sikkerheitsnettet skal i deponi-konteinaren på miljøstasjonen til kilopris. 

Vasspistol og andre leiker i plast:

Restavfall dersom du har plass i dunken, eller grovavfall til kilopris på miljøstasjonen. Dersom leika går på batteri, får du levere den gratis som EE-avfall på miljøstasjonen. 

sommarsortering

Kle:

Sjølv om ikkje du har bruk for plagget lenger, så kan du kanskje gi dei vekk? Viss ikkje, ha gjerne ein pose hengande på vaskerommet eller i eit skap der du samlar opp kle du ikkje lenger har bruk for. Lever denne i ein av kleskonteinarane i området vårt. Husk at kleda skal vere heile, reine og tørre når du leverer dei i ein kleskonteinar.

Øydelagde kle eller sko:

Er kleda eller skoa øydelagde eller skitne, høyrer dei heime i restavfallet. Dersom dei har god bruksverdi vidare, kan du enten gi dei vekk til nokon du kjenner, i ei kjøp- og sal-gruppe, eller legge dei i ein pose og kaste i din nærmaste kleskonteinar.

Skulesekk:

Kanskje kjenner du nokon som kan ha bruk for sekken når du er ferdig med han? På lokale kjøp-sal-gi vekk-sider på Facebook eller Finn.no er det mange som kan bli glade for noko du eigentleg hadde tenkt til å kaste. Dersom du ikkje får gitt han vekk, høyrer ein skulesekk heime i restavfallet eller som grovavfall på miljøstasjonen til kilopris. 

5

Bøker:

Pocketbøker kan du kaste i papirdunken. Bøker med hard perm kastar du i restavfall heime eller grovavfall på miljøstasjonen. Du kan eventuelt rive av permane og kaste desse i restavfallet, medan sjølve arka går i papirdunken. Då får du deg truleg ei styrketreningsøkt på kjøpet:) 

Sjømatrestar:

Skal du ha krabbe- eller rekelag med gode venner? Ha klar dei grøne matavfallsposane og kast klør og krabbeskal som matavfall. Om det er lenge til neste hentedag, kan det vere lurt å fryse posen med restane for å unngå lukt i matavfallsdunken.

 

Samle gjerne opp fleire ting før du kjem til miljøstasjonen, slik får du mest mogleg valuta for minsteprisen på 65,- kroner. Sorterer du dei ulike typane avfall før du kjem miljøstasjonen, går det raskare for deg å gjere deg ferdig i hallen. Samtidig er det billigare for deg å sortere ut dei typane avfall som er inkludert i gebyret, enn om du kastar alt samla i grovavfallet. Har du spørsmål, hjelper vi deg gjerne. 

 

Takk for at du kjeldesorterer!

Her finn du prisoversikt på kva du kan levere på miljøstasjonane.