Saman tek vi vare på ressursane

Vårrydding

9. mai 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Det er vår i lufta, og for mange betyr det ryddetid.

Med lysare dagar og friskt mot er det mange som no tek fatt på ei skikkeleg opprydding. Det kan vere garasja, kjellaren, loftet, garderoba eller hagen ein skal bryne seg på, . Kanskje tek du fatt på eit oppussingsprosjekt som har leie å venta? Eller kanskje er det tid for dugnad i nabolaget? Uansett kva prosjekt du har, så vil det garantert medføre avfall du vil verte kvitt, og kanskje også ting du kan gje vekk til ombruk.

 

Kva kan du levere på miljøstasjonane? 

Her finn du oversikt

Vi ønskjer at du skal få ei god oppleving når du besøker ein av våre miljøstasjonar. Om du sorterer så godt du kan før du kjem, blir det enklare og meir effektivt å sortere avfallet på miljøstasjonen. Når avfallet vert sortert på rett stad, kan vi sørge for at avfallet kan få nytt liv som nye produkt. For eksempel kan metallet i ein gammal kontorstol bli delar til ein ny sykkel.

Saman tek vi vare på ressursane og ser til at dei blir i kretsløpet lengst mulig. Berre vi er nøye med sorteringa. Er du usikker på korleis noko skal sorterast? Vi hjelper deg gjerne.

 

Kva med ombruk?

Hugs at skiutstyret som minstemann har vokse ut av kan passe perfekt til ein annan liten tass, eller at stovebordet du har bytta ut kan få nytt i ei anna stove. 

Her finn du ei oversikt over bruktbutikkar og kleskonteinarar

 

Laurdagopen miljøstasjon 14. mai

14. mai er miljøstasjonen i Saunesmarka laurdagsopen kl. 12.00 - 16-00

 

Velkomne til oss!