Saman tek vi vare på ressursane

Sesongsopning for greinplassen på Eidet

22. april 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Frå og med måndag 25. april kan du levere hageavfallet ditt på Eidet. 

 

Opningstidene på greinplassen er: 

Måndag - torsdag: 12.00 - 19.30

Fredag: 08.00 - 15.00

 

Spesielle opningstider:

Tysdag 17. mai: stengd

Torsdag 26. mai: stengd

Måndag 6. juni: stengd

 

Dette kan du levere:

Gras, blad, greiner og stammar inntil 25 cm i diameter kan du som privatkunde levere kostnadsfritt.

Greiner og trestammar over 25 cm i diameter, røter, gråmasse (mold, aur, småstein, grus, sand og blanda hageavfall) kr 1,25 per kilo frå fyrste kilo.

Firmabilar, lastebilar og traktorar er rekna som næringskundar og av desse er vi plikta til å ta betalt frå første kilo.Her kan du lese meir om hageavfall

 

Minner også om at plassen framfor porten ikkje kan nyttast som parkeringsplass medan greinplassen er open.

 

Vel møtt på greinplassen!