Saman tek vi vare på ressursane

Endringar for påska 2022

31. mars 2022 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

På grunn av fridagane i påska flyttar vi på enkelte hentedagar.

Vi hoppar ikkje over nokon soner, men køyrer doble ruter for å kome i mål før påskehøgtida. Dei som får endra henteruter vil få sms-varsel om endringane, og varsel dagen før. Her får du ei oversikt over kva endringar som gjeld i dei ulike kommunene: 

 

Sande kommune:

Sone 9 : Kvamsøya, Sandsøya, Voksa, Skredestranda, Larsnes og Hallebygda.

har hentedag skjærtorsdag og blir henta måndag 11. april (matavfall + restavfall)

 

Sone 10: Gursken (frå øvre Knotten), Haugsbygda og Gjerdsvika i Sande

har hentedag langfredag og blir henta tysdag 12. april (matavfall + restavfall)

 

Herøy kommune:

Sone 10: Sandvika, Moltustranda i Herøy,

har hentedag langfredag og blir henta tysdag 12. april (matavfall + restavfall)

 

Hareid kommune:

Sone 1: Brandal, Hjørungavåg, Snipsøyrdalen, Hareidsdalen (til Trudvang)

Har hentedag 2. påskedag og blir henta tysdag 19. april (matavfall + restavfall)

 

Hugs å sette ut dunkane til 0730. Ver obs på at vi i nokre områder kan kome andre tider enn vanleg, då vi enkelte dagar skal rekke over to soner. 

 

 

Opningstider på miljøstasjonanene i påskeveka:

Måndag 11/4:

Saunesmarka 10.00 - 17.30
Mjølstadneset 12.00 - 19.00

 

Tysdag 12/4:

Saunesmarka 10.00 - 17.30
Mjølstadneset 12.00 - 19.00
Myklebustmyrane 14.00 - 19.00

 

Onsdag 13/4:

Saunesmarka 08.00 - 12.00

Mjølstadneset stengd

 

Takk for samarbeidet og riktig god påske!

Påske miljøstasjon