Saman tek vi vare på ressursane

Storgevinst i returkartonglotteriet!

6. oktober 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Kvart år trekk Grønt Punkt Norge ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Fire av disse blir den heldige vinnaren av 100 000 kr. Dette er fyrste gongen vi har ein vinnar av storgevinsten i ein av våre fire kommuner.

 

Den heldige vinnaren, Kari Indreeide Grimstad frå Hareid, seier at ho har skylt og bretta kartongar så lenge ho har vist om returkartonglotteriet og gjer dette både heime og på hytta. Ho har rett og slett fått det inn i kvardagsrutinene å skylle, brette og stappe, før ho sender kartongkubben vidare i papirdunken med namn og telefonnummer på. 

- Trikset er å ha ein vassfast tusj godt tilgjengeleg på kjøkenet, seier Kari. Då gløymer ein ikkje å merke kartongen og skrifta held seg. 

 

Stor vinnarsjanse

Vi er flinke å kjeldesortere drikkekartongar, men det er ikkje så mange som skriv namn og nummer på.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer på, fortel driftsleiar Rune Tarberg.

Hittil i år har to andre vore heldige vinnarar av 10 000 kr i området vårt. Vinnarsjansane er altså ganske store dersom ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. Kvar drikkekartong du legg i papirdunken utgjer eit lodd om du merkar den med namn og telefonnummer. Om ein leverer ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan ein i beste fall vinne storgevinsten på 100.000 kroner.

- Så hugs å merk drikkekartongen! Du må ikkje skrive ditt eige namn på kartongen. Du kan gjerne nominere andre. Kanskje har du ein organisasjoner eller eit idrettslag som du synest fortener ei premie, seier Marte Vartdal som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

 returkartonglotteri21

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Vartdal.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

 

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.