Saman tek vi vare på ressursane

Blir du med på å redde litt av havet?

3. september 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

11. - 19. september er det tid for Strandryddeveka 2021. Her får du vite korleis du kan bidra i ditt nærmiljø. 

nettverksseminarDet skal heldigvis ikkje så mykje til for å gjere planeten vår til ein litt betre stad. Å plukke med seg rusk og rask som ikkje høyrer heime i naturen, er ein slik liten innsats. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ganske mykje!

Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, deg sjølv og ikkje minst naturen. For å verne om fuglane i hekketida, er veka flytta frå mai til september.

strandrydde3

Enkelt å rydde - på din måte

Hold Norge Rent har laga eit nasjonalt opplegg med mellom anna ein eigen friluftsliv-ryddedag, barneryddedag, bedriftsryddedag og dykkeryddedag. På sjølvaste valdagen 13. september, oppmodar dei folk til "stem-og-rydd". Det er mykje ein kan få plukka med seg på parkeringsplassar og i grøftekantane på veg til stemmeurna dersom ein har på seg ryddebrillene.

I samarbeid med eigarkommunane våre, Hareid, Herøy, Sande og Ulstein, vil vi sette ut eigne strandryddekonteinarar mellom 11. og 21. august. Desse er SSR-grøne, og merka med eit blått skilt der det står "Strandrydding" på. Gratis ryddesekkar og hanskar i fleire størrelsar kan du hente på din nærmaste miljøstasjon.

I tillegg kan du alltid levere inn avfall frå ryddeaksjonar på miljøstasjonane våre. 

 

Her finn du strandryddekonteinaren i din kommune: 

strandryddekonteinarHareid:

På parkeringsplassen mellom rådhuset og Sparebanken Møre. 

Herøy:

Ytre: Indre almenningskai.

Indre: Myrvåg, ved bensinpumpene.

Sande:

På parkeringsplassen bak rådhuset på Larsnes.

Ulstein: 

Ved Shell, på parkeringsplassen på nedsida av vegen.

 

Ikkje misbruk konteinarane

  • Vi ber om at alle respekterer at det berre er avfall frå ryddeaksjonar som skal puttast i desse. Dersom ordninga blir misbrukt, risikerer ein at tilbodet blir avvikla.
  • Treng du å bli kvitt eige avfall, får du levere det meste på miljøstasjonane våre. Gjer du ein god sorteringsjobb i forkant, kan mykje av det du som privatperson skal  levere allereie vere inkludert i gebyret, til dømes farleg avfall, papp, plastemballasje, elektronikk og metall. 
  • Har du spørsmål? Send til firmapost@reinhaldsverket.no eller ring 70 00 70 50. 

Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!

ovris1