Saman tek vi vare på ressursane

Gunnar (81) fekk endeleg løn for brettinga

27. mai 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Etter å ha skylt, bretta og stappa mjølkekartongar i årevis, fekk Gunnar Myklebust i Fosnavåg plutseleg ein gledeleg telefon.

- Ein må no berre bli begeistra når ein får beskjed om at ein har vunne 10.000 kroner, seier den glade 81-åringen og ler. Telefonen frå SSR kom midt under ein trimtur på Tverrfjellet. 

Kubben med mjølkekartongar som han la i papirdunken tidlegare for nokre veker sidan, er nemleg trekt ut som ein av fleire vinnarar i årets andre trekking i Returkartonglotteriet. Gunnar blir dermed 10.000 kroner rikare.

- No gler eg meg til å vise fram diplomet til resten av familien!

Autopilot

Gunnar Myklebust fortel at han tenker eigentleg ikkje så mykje over at han skyljer, brettar og stappar mjølkekartongane. 

- Nei, det har blitt ein rutine, og det har gått automatikk i det å skrive på namn og nummer. Heldigvis, fortel den blide vinnaren. 

Stor vinnarsjanse

Dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet i området vårt, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske store, dersom ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. I fjor hadde vi to 10.000-kroners-vinnarar i SSR-området.

Kvar år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.