Saman tek vi vare på ressursane

Ruteendring Kristi himmelfartsdag, 17. mai og 2. pinsedag 2021

11. mai 2021 av Martine Holm

På g runn av heilagdagar og grunnlovsdagen vert det endring i hentedagar for følgjande soner:

  • Grunna heilagdagen torsdag 13/5, hentar vi restavfall og matavfall i sone 9 ein dag tidlegare, onsdag 12/5.
  • Grunna grunnlovsdagen 17. mai, hentar vi restavfall og matavfall i sone 1 dagen etterpå, tysdag 18/5
  • Grunna heilagdagen måndag 24/5 hentar vi papir, plast og matavfall i sone 6 dagen etterpå, tysdag 25/5.

Abonnentane det gjeld, vil få sms-varsling kvelden før. La dunkane stå ute til dei er tømde.
Det kan vere vi kjem litt seinare enn vanleg, då vi hentar avfall både i sone 8 og sone 9 den 12. mai.

Det same gjeld for sone 1 og 2 den 18. mai samt sone 6 og 7 den 25. mai.

Takk for tolmodet! 

Usikker på kva sone du høyrer til eller lyst til å skrive ut hentekalender for 2021? Då kan du trykke her. 

Vi anbefaler elles å laste ned gratisappen Min renovasjon, for å få enkel tilgang til hentekalender på mobilen og varsling kvelden før om kva dunkar som skal ut. 

Tusen takk for samarbeidet!