Saman tek vi vare på ressursane

Kontoret stengt - miljøstasjonane opne

25. mars 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Administrasjonsbygget vårt må dessverre halde stengt for besøk fram til 12. april på grunn av nye koronarestriksjonar.

Miljøstasjonane er opne som vanleg. Kjenner du deg ikkje heilt i slag, kjem du heller innom på ein betre dag. Takk for at du held to meter avstand både til tilsette og andre besøkande!

I vektbua kan du få tak i:

 

🟢 plastemballasjesekkar
🟢 matavfallsposar
🟢 hentekalender
🟢 strandryddeutstyr
🟢 lett-på-kroken
🟢 batteriboks

 

Har du spørsmål om abonnement, faktura eller liknande?Ta kontakt med oss på 70 00 70 50 eller på firmapost @reinhaldsverket.no.

 

Takk for forståinga. Vi gler oss til å opne dørene for besøk igjen!