Saman tek vi vare på ressursane

Miriam hadde aldri vinnarlykke. Sju mjølkekartongar skulle endre på det.

10. mars 2021 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Miriam Natalie Knotten Tømte hadde eigentleg slutta med å skrive namn og og nummer på mjølkekartongen.  

Men så las ho om nokon som vann i Returkartonglotteriet, og starta på'an igjen. Det skulle ho ikkje angre på.

- Då telefonen ringde, tenkte eg at det eigentleg var ein seljar. Men eg er glad eg tok den likevel, ler 34-åringen frå Moltustranda.  

Kubben med mjølkekartongar som ho la i papirdunken tidlegare i vinter, er trekt ut som ein av fleire vinnarar i årets første trekking i Returkartonglotteriet. Miriam blir dermed 10.000 kroner rikare.

- Mannen min blir stolt av å vinne 35 kroner i Lotto, så då var det ganske artig å kunne ringe han og fortelje at eg hadde vunne 10.000 kroner ved å sortere mjølkekartongar, flirer den ferske vinnaren. 

Ekstra motivasjon

Miriam har alltid vore ein ivrig kjeldesorterar, men trur lotteriet kan vere ein ekstra pådrivar for å få folk til å kaste kartongane på rett plass. Sjølv synest ho sorteringa går lett.

- For min del har det vore avgjerande å prioriterer å ha eit godt system og plass til dei ulike avfallstypane, då er det så mykje enklare, seier ho. 

Stor vinnarsjanse

Dei siste åra har det vore ein nedgang i kor mange som deltek i Returkartonglotteriet i området vårt, fortel Andrea Øien Sæverud som er kommunikasjonsansvarleg i SSR.

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer, fortel ho.

Vinnarsjansane er altså ganske store, dersom ein gjer ein liten innsats for å forvandle kartongane om til eit lodd. I fjor hadde vi to 10.000-kroners-vinnarar i SSR-området.

Kvar år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Å levere ein kartongkubbe med seks kartongar stappa inn i ein sjuande, kan i beste fall gi ein gevinst på 100.000 kroner. Ein tilleggsgevinst til alle som deltek, er at det blir betre plass i papirdunken.

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Sæverud.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

1012

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.

  • Enkeltkartongar kan vere med i trekkinga om 10.000 kroner.

  • Alle typar drikkekartong kan delta, ikkje berre mjølkekartongar.

  • For å vinne 100.000 kroner må eit lodd bestå av minst seks tomme og skylte drikkekartongar som blir bretta ned i den sjuande drikkekartongen. Dette utgjer ein kubbe. For skulemjølkkartongar gjeld fire tomme kartongar i den femte.

  • Deltakaren skriv namn og telefonnummer på den dei vil skal vinne på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kubbe utgjer eitt lodd.