Saman tek vi vare på ressursane

Rein isopor leverer du gratis på miljøstasjonen

2. januar 2018 av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Den tidlegare ordninga der du kunne putte isoporen i plastsekkar og sette ved sidan av dunken din, gjeld ikkje lenger. Plasten i renovasjonsbilen blei forureina av småperler av isopor, så det blei vanskeleg å gjenvinne den. Grønt punkt, som tek imot plastavfallet vårt, sette derfor ned foten.

Du kan framleis levere rein isopor gratis på miljøstasjonane. På Mjølstadneset (Herøy) og i Myklebustmyrane (Sande) må du ha Isopor/EPS i sekkar ved levering. I Saunesmarka kan du levere utan å ha den i sekkar.

I Saunesmarka har vi ei presse som smeltar og komprimerer isoporen. Deretter blir hardpakka isopor sendt til Tyskland og gjenvunne til blant anna fiskekasser.

Har du små mengder med isopor, går det greitt å bryte den opp i småbitar og putte i restavfallet.