Då var første opne dag for miljøstasjonen i Myklebustmyrane komen, og første offisielle kunde var Gunnar Indresøvde frå Larsnes. Han fekk ei lita gåve frå oss som takk for besøket, so håpar vi at den nye miljøstasjonen vil verte flittig nytta hjå innbyggjarane. Takk for besøket og velkomen tilbake!