Saman tek vi vare på ressursane

Vinnar av Bortkasta-konkurransen!

22. august 2017 av Linn Urke Osnes

Lisbeth Sæverud Aksnes frå Ulsteinvik vart den heldige vinnaren av kr 10.000 i Bortkasta-konkurransen. Bortkasta er ein kampanje som skal motivere innbyggjarane til å sortere meir plastemballasje, og å sortere endå betre.

Lisbeth var med på konkurransen ved å feste ein lapp med namn og telefonnummer på ein sekk med sortert plastemballasje. Denne lappen var å finne i kampanje-brosjyren som vart sendt ut til alle husstandane i Hareid, Ulstein, Sande og Herøy. Heile 679 husstandar deltok i konkurransen!

Vi gratulerer Lisbeth med premien og takkar alle som deltok i konkurransen!