Visste du at du sit på sjeldne, verdifulle ressursar som det er knappheit på i verda?
Mange har elektronikk med edle og sjeldne metall liggande i skuffer og skap – Ting som dei ikkje har bruk for lenger. For eksempel har 7 av 10 nordmenn brukte mobiltelefonar liggande heime. Disse produkta inneheld verdifulle material som gull, kopar, jern og aluminium som det er knappheit på i verda.
LEV BEREKRAFTIG
Dagens ressursbruk er ikkje berekraftig, vi kan faktisk gå tome for fleire naturressursar allereie om 10 -30 år, om vi held fram slik vi gjer no. Mykje elektronikk inneheld også sjeldne grunnstoff som både er svært forureinande og helseskadeleg for gruvearbeidarar å utvinne. Difor er det viktig at elektriske produkt ikkje blir kasta i restavfallet, men blir gjenvunne.
Vi lev i eit overflodssamfunn der vi byttar ut og forbrukar elektriske og elektroniske produkt som aldri før. Dette fører til ein stor etterspørsel etter råmaterial. Når det ikkje finns nok resirkulerte material å ta av, må det utvinnast nye råstoff frå naturen. Det krevjast langt mindre klimautslepp når vi gjenvinner material enn når vi utvinn heilt nye råstoff, difor er det viktig at du leverer inn elektronikk du ikkje har bruk for til gjenvinning eller gjenbruk.
Det er vår plikt som menneske å gjenvinne verdifulle ressurser vi ikkje lenger treng.
SMART OPPBEVARING: Ved å ha småelektrisk og -elektronisk avfall i eit nett, er det lett å ta det med seg når du skal på gjenvinningsstasjonen eller andre stader dei sel tilsvarande produkt. Lever inn, og kjenn på følelsen av å ha gjort noko viktig. Foto: Åsa Maria Mikkelsen.
INGEN MILJØGIFTER PÅ AVVEIE
Elektrisk og elektronisk avfall inneheld ikkje berre verdifulle material. Det inneheld også miljøgifter. Disse kan føre til alvorlege skader på menneske, natur og dyr dersom dei ikkje blir behandla forsvarleg. Alt frå lyspærer, litiumbatteri, kretskort og mobiltelefonar, inneheld miljøgifter som kan hope seg opp i levande organismar og gi kreft, reproduksjonsskadar og arvestoffskadar. Sjølv små mengder på avvege kan gjere stor skade. For eksempel skal det berre ei teskei kvikksølv til for å forureine ein middels stor innsjø. Det er difor svært viktig at sjølv små elektriske artiklar som kablar, lyspærer og miljøskadelege batteri aldri blir kasta i restavfallet. Til tross for dette, så kastar vi store mengder miljøfarleg avfall i retavfallet kvart år. For eksempel kjøper vi 50 millionar lyspærer i året, medan berre 5 millionar blir levert inn.
TREND: FIKSEFESTAR
Det beste for miljøet er om vi reparerer og brukar om igjen det vi har, framfor å stadig kjøpe nytt. Då sparer du både pengar, klimautslepp, avfall og forureining. Det er vokse fram ein ny trend blant miljøbevisste forbrukarar fleire stader i verda. «Restart Parties», eit konsept der det blir arrangert festar der folk kan møtast for å hjelpe kvarandre å reparere og fikse det dei har av elektronisk utstyr. Sjekk restartersoslo.org for meir informasjon.
SLIK BLIR EE-AVFALLET GJENVUNNE
I Noreg har vi heldigvis eit svært effektivt og godt system for gjenvinning av EE-avfall. Når du leverer inn ditt elektriske og elektroniske avfall til gjenvinning så blir miljøgifter handtert forsvarleg og minst 85 % blir materialgjenvunne. Når EE-avfall blir levert inn går det inn i ein gjenvinningsprosess der edle og sjeldne metall i kretskortet blir henta ut og andre material blir gjenvunne og brukt som råvarer til nye produkt. I prosessen blir miljøgiftene tekne ut og handtert forsvarleg.
Kvifor gjenvinne: Ved gjenvinning unngår vi at miljøgifter slepp ut. I tillegg sparer vi bruk av knappe naturressursar, klimautslepp og energi ved å gjenvinne plasten og metalla i EE-avfallet.
Korleis gjenvinne: Privatpersonar kan levere EE-avfall i butikkar som sel tilsvarande produkt. Har du for eksempel ei øydelagd elektrisk leike kan denne leverast i ein leikebutikk, sjølv om den ikkje er kjøpt der. Elles kan EE-avfall leverast til mini-miljøstasjonane på NMS gjenbruk Ulstein og Myrvåg og Brukt og Billig på Hareid.Vi tek sjølvsagt imot EE-avfall på våre miljøstasjonar.
Vanskelegheitsgrad: Superlett
Gjenvinningsgrad: Vanvittig høg, 85% av avfallet blir materialgjenvunne, medan 13% blir energigjenvunne.
Godt å vite: Ønskjer du å selge elektriske og elektroniske produkt for gjenbruk, er det smart å slette sensitiv data før du gir produktet frå deg.
Miljøgevinst: Gjenvinningsprosessen sørger for at miljøgifter blir handtert forsvarleg. Elektronikk inneheld ofte edle metall og sjeldne grunnstoff som det er begrensa av i verda og som det er svært forureinande og helseskadeleg å utvinne. Det er svært gunstig å gjenvinne disse.
Kven: Det er tre returselskap som er ansvarlege for gjenvinning av EE-avfall: RENAS, NORSIRK, og ERP Norway AS. I 2015 vart det samla inn og behandla nesten 150.000 tonn EE-avfall.
Kva blir det til?: Plasten og dei edle og sjeldne metalla i EE-avfallet blir til ny plast og nye metall som kan nyttast i nye produkt.
Kva er eigentleg EE-avfall?
EE- avfall omfattar alle produkt som går på straum eller batteri. I dag omgir vi oss med elektronikk over alt, i alt fra ryggesekkar med blinkande refleks, bøker med lyd, til blinkesko. EE- avfall omfattar alle elektriske og elektroniske produkt.
UT AV RESTAVFALLET: Sørg for at lyspærer, kablar og elektrisk utstyr blir gjenvunne forsvarleg, slik material blir gjenvunne og ingen miljøgifter kjem på avvege. Foto: Åsa Maria Mikkelsen